Njuike váldosisdollui

Gjestebod på Skaugum

Kronprinsparet heldt gjestebod på Skaugum i kveld med temaet «Livet etter 22. juli». Dei 40 inviterte gjestene vart på ulike måtar utsette for terrorangrepa for ti år sidan.

25.11.2021

Blant gjestene er både overlevande og etterlatne, representantar for frivillige hjelparar, naudetatar og menneske som har bidrege til å forvalte og formidle historia gjennom disse ti åra.

Sidan 2004 har Kronprinsen og Kronprinsessa invitert til eit årleg gjestebod på Skaugum – med forskjellige tema. Nokre av gjestene som var til stades i dag, var òg på gjestebod våren 2012, da temaet var korleis ein kan klare å leve vidare etter å ha opplevd noko traumatiserande.

Kronprinsparet takka

– No er vi her igjen. Nesten ti år seinare. Livet har gått sin skeive, gode, vanskelege gang. Nokre av dykk overlevde. Andre mista nokon. Fleire begge delar. Nokre av dykk var med og hjelpte til, andre har jobba med å forvalte og formidle historia – så vi kan forstå meir og aldri gløyme, sa Kronprins Haakon da han ønskte gjestene velkommen.

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit helsar på leiar Lisbeth Kristine Røyneland i Nasjonal støttegruppe etter 22. juli under gjestebodet på Skaugum. Foto: Terje Bendiksby / NTB

I år har både Kongeparet og Kronprinsparet møtt menneske som vart utsette for angrepet for ti år sidan – og nokre er òg til stades i kveld. Pårørande, overlevande, naudetatane og dei som hjelpte til. Kronprinsen takka for det dei hadde delt.

– Den viktigaste kunnskapen og forståinga er det nettopp de, som har vore direkte utsette, som kan formidle.

Håp til vegen vidare

Med årets gjestebod ønskjer Kronprinsparet å setje livsmeistring i fokus. Kva som gjev håp til vegen vidare etter så dramatiske erfaringar. Gjesteliste og program er sett opp i eit samarbeid med Nasjonal støttegruppe etter 22. juli.

Under tittelen «Å vere medmenneske når den alvorlegaste livskrisa rammar» heldt Kari Dyregrov eit innlegg om kva vi alle kan gjere i møte med menneske som opplever traumatiserande livshendingar. Dyregrov er professor ved Fakultet for helse- og sosialvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.

Lara Rashid mista søstera Bano på Utøya, der dei var begge to. Ho var på gjestebod på Skaugum i 2012 og var i kveld til stades med mor si, Bayan. Under gjestebodet las Rashid frå boka si «Hold meg til jeg sovner. Et liv i skyggene av 22. juli».

Seinare på kvelden, etter den faglege delen og middag, var det ein liten konsert på Skaugum.

 

 

Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:

Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala Facebookas