Hylla engasjementet i Solund
– Det har rett og slett vore ei fantastisk reise. Slik konkluderte Den Høgvørde Kronprins Haakon da han avslutta fylkesturen til Vestland i Solund, kommunen lengst vest i Noreg.
Solund består av tusen øyar, holmar og skjer, og på det aller ytste skjeret finst Noregs vestlegaste punkt. Kronprins Haakon gjekk i land i den einaste tettstaden i øysamfunnet – Hardbakke på øya Sula – i dag tidleg.
Barnehagebarn ventar på at Kronprinsen skal komma til Hardbakke hamn. Foto: Sara Svanemyr, Det kongelege hoffet
Mykje handlar om havet i Solund. Fiske og fiskeoppdrett er dei viktigaste næringsvegane, og båt er det viktigaste framkomstmiddelet. Med lang veg til fastlandet er ikkje minst ambulansebåten viktig for tryggleiken til sulingane. Kronprinsen fekk høyre meir om kva denne tenesta betyr, både for Solund og for andre kystsamfunn, da han besøkte kaptein Kjell Mjåtvedt om bord på MS Rosesol.
Ambulansebåten er svært viktig for øysamfunnet. Kronprinsen møtte mannskapet på MS Rosesol. Foto: Sara Svanemyr, Det kongelege hoffet
Lokalt engasjement
Frivilligheit, lokalt engasjement og inkludering står sterkt i Solund, og Kronprins Haakon tok opp dette i talen sin:
– Det å bu på ei øy krev at ein tenkjer litt ekstra på naboen, kanskje. De stiller opp for kvarandre, finn løysingar på ting, ordnar opp på eiga hand og løftar saman. Eit bevis på den store innsatsen de sulingar legg ned, det er frivilligheita.
Kronprins Haakon i Hardbakke hamn, der han møtte både små og store frå øysamfunnet. Foto: Sara Svanemyr, Det kongelege hoffet
Det bur 764 menneske i kommunen. Da er det desto meir imponerande med den store mengda frivillige organisasjonar, lag og initiativ som finst her. Det er 68 elevar i grunnskulen – og 50 medlemmer i Skulemusikken. Rundt 180 er med i sogelaget, og dei ulike idrettslaga samlar rundt 250.
– I tillegg kjem kunstlaget, ungdomslag, skyttarlag, frivillige i grendehus og i kyrkjene, Losnaspelet, lysfestivalen, turlag og Solund-dagen. Og da har eg heilt sikkert gløymt nokon – men det er ei imponerande liste, kunne Kronprinsen konstatere i Grindenaustet, der det var stelt i stand med talar og underhaldning.
Møttest i samlingspunktet i bygda
Gjenbrukskafeen er samlingspunktet i bygda og speler ei uvurderleg rolle for trivsel og inkludering, samhandling og fellesskap. Både enkeltmenneske og lokalsamfunnet som heilskap nyt godt av denne viktige møteplassen.
Dette fekk Kronprinsen høyre meir om da han besøkte kafeen for lunsj og samtalar med nokon av dei faste gjestene. Han fekk også møte representantar for eldrerådet, frivilligheita, lokalt næringsliv og ulike nasjonalitetar som har slått seg ned her.
Gjenbrukskafeen er møteplassen i bygda. Foto: Sara Svanemyr, Det kongelege hoffet
Avslutta fylkesturen
Kronprins Haakon takka for alt han har fått oppleve på årets fylkestur:
– Solund er ei perfekt avslutning på årets fylkestur. Eg er takknemleg for alt det eg har sett og høyrt, folk eg har møtt, alle dei nye minna eg tek med meg – frå både Aurland, Lærdal, Sogndal, Høyanger – og no frå Solund. Det har rett og slett vore ei fantastisk reise.
Tusen takk for tre flotte dagar i Vestland.
Kronprins Haakon taler i Hardbakke i Solund. Foto: Sara Svanemyr, Det kongelege hoffet
Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:
Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala FacebookasÁigeguovdilis áššit
Gonagaslaš hoavva ovdanbuktá 2023 jahkeraportta
Gonagasviesu doaimmat diibmá speadjalastet otná Norgga. Gonagasbearraša mátkkit 47 suohkanii, almmolaš galledeamit viđa eurohpalaš riikkain, iešguđetlágan lágideamit ovttas riikka suodjalusain ja riikka gearggusvuođa guovdilastin, čájeha mii lea dehálaš Norgii ja masa gonagasbearaš lea bidjan návccaid.
Lihkusávaldagat Dánmárkku ođđa gonagasbárrii
Majestehta Gonagas Harald cealká liekkus lihkusávaldagaid Majestehta Gonagas Frederik X ja Majestehta Dronnet Mary guoktái truvdnolotnahuvvama oktavuođas Dánmárkkus.