90 nasjonar på same skule
Hennar Majestet Dronninga besøker i desse dagar UWC Røde Kors Nordisk i Fjaler. Skulen har eit overordna mål om å bruke utdanning til å fremje fred og berekraftig utvikling.
UWC Røde Kors Nordisk er ein internasjonal vidaregåande skule, ein av til saman sytten United World Colleges (UWC) på verdsbasis. Dronning Sonja er skulens høge beskyttar.
I går deltok Dronninga på ulike arrangement på skulen saman med elevar og gjestar. 21. september er den internasjonale fredsdagen, men også UWC-dagen.
Dronning Sonja vart vist rundt på området for å sjå ulike aktivitetar og møtte fem studentar over te og kaker. Kvelden vart avslutta med middag i Høegh-bygget og kulturprogram i auditoriet.
Dronning Sonja møtte fem studentar over te og kaker. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Kvelden vart avslutta med kulturprogram i auditoriet. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Besøket fortsett i dag med visning av arbeid av elevar og lokale barn i utstillinga "Shaping a sustainable future" og eit besøk til Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter som ligg i nær tilknyting til skulen.
Dronninga fekk sjå arbeid av elevar og lokale barn i utstillinga "Shaping a sustainable future". Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
UWC Røde Kors Nordisk samlar 200 elevar frå kring 90 nasjonar. Elevane deler klasserom og måltid med menneske frå andre land og kulturar. Det gir dei ei unik forståing av verda.
Dronning Sonja besøker skulen for ellevte gong sidan opninga i 1995, då ho føretok den offisielle opninga saman med Dronning Noor av Jordan.
Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:
Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala FacebookasÁigeguovdilis áššit
Gonagaslaš hoavva ovdanbuktá 2023 jahkeraportta
Gonagasviesu doaimmat diibmá speadjalastet otná Norgga. Gonagasbearraša mátkkit 47 suohkanii, almmolaš galledeamit viđa eurohpalaš riikkain, iešguđetlágan lágideamit ovttas riikka suodjalusain ja riikka gearggusvuođa guovdilastin, čájeha mii lea dehálaš Norgii ja masa gonagasbearaš lea bidjan návccaid.
Lihkusávaldagat Dánmárkku ođđa gonagasbárrii
Majestehta Gonagas Harald cealká liekkus lihkusávaldagaid Majestehta Gonagas Frederik X ja Majestehta Dronnet Mary guoktái truvdnolotnahuvvama oktavuođas Dánmárkkus.