Sommarskolen opna i nærvær av Kongen
Hans Majestet Kongen var til stades ved opninga av Universitet i Oslos internasjonale sommarskole (ISS). Seremonien i Universitetets aula i Oslo var òg ei forseinka markering av 75 års-jubileet til Sommarskolen.
Kongen vart helsa velkommen av songarar frå «Kvindelige Studenters Sangforening». Frå forskjellige plassar i aulaen framførte koret «Bruremarsj frå Vågå».
– Heilt frå starten har Kongehuset vist støtte og interesse for Den internasjonale sommarskolen. Derfor er vi glade for at Kong Harald er til stades her i dag, sa sommarskolerektor Anne Catherine de Silva i sin tale.
Seremonien var òg ei forseinka 75-årsmarkering. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen / Det kongelege hoffet
Frå etableringa av ISS i 1947 og fram til i dag har Kongefamilien vore oppteken av skulen, som har som mål å skape eit forum for internasjonal forståing og dialog på tvers av konflikt og landegrenser.
Kronprins Olav og Kronprinsesse Märtha inviterte nokre år studentane til Skaugum. Kongen og søstrene hans – Prinsesse Ragnhild og Prinsesse Astrid – fekk dermed ei tidleg innføring i kva Den internasjonale sommarskolen står for.
Kronprins Harald og Prinsesse Astrid møter ISS-studentar på Skaugum eit av Sommarskolens første år. (Fotoet er teke av ein amerikansk ISS-student og er henta frå boka «En reise i vår utdanningshistorie», utgitt av Norge-Amerika-foreningen NORAM.)
Frå at sommarkursa dei første etterkrigsåra var spesielt retta inn mot nordamerikanske studentar, vart ISS raskt eit populært tilbod for studentar frå alle kontinent i verda. Rundt 33 000 studentar frå over 150 land har sidan starten i 1947 delteke på Den internasjonale sommarskolen.
ISS tilbyr bachelor- og masterkurs på felt der Noreg er særleg kjent i internasjonal samanheng. Dei seksvekers sommarkursa tek for seg fagområde som berekraftig arkitektur, programmering, utviklingsstudiar, fredsforsking og menneskerettar.
Rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo stod for den offisielle opninga. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen / Det kongelege hoffet
Årets 75-årsjubileum er ei forseinka markering grunna pandemiåra. Etter opningsseremonien inviterte Oslo-ordførar Marianne Borgen studentane til mottaking i Oslo rådhus.
Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:
Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala FacebookasÁigeguovdilis áššit
Gonagaslaš hoavva ovdanbuktá 2023 jahkeraportta
Gonagasviesu doaimmat diibmá speadjalastet otná Norgga. Gonagasbearraša mátkkit 47 suohkanii, almmolaš galledeamit viđa eurohpalaš riikkain, iešguđetlágan lágideamit ovttas riikka suodjalusain ja riikka gearggusvuođa guovdilastin, čájeha mii lea dehálaš Norgii ja masa gonagasbearaš lea bidjan návccaid.
Lihkusávaldagat Dánmárkku ođđa gonagasbárrii
Majestehta Gonagas Harald cealká liekkus lihkusávaldagaid Majestehta Gonagas Frederik X ja Majestehta Dronnet Mary guoktái truvdnolotnahuvvama oktavuođas Dánmárkkus.