Inspiserte Garden på Huseby
Den Høgvørde Kronprinsen føretok den årlege inspeksjonen av Hans Majestet Kongens Garde i dag. Under inspeksjonen delte Kronprins Haakon òg ut heidersteikna Gardens Ur og Brigader Leif Schanches æresbevisning.
Gardistar i paradeuniform helsa i kor da Kronprins Haakon hadde innteke plassen sin på appellplassen i Husebyleiren i Oslo. Tradisjonen tru hadde òg mykje publikum møtt opp for å få med seg inspeksjonen i det vakre forsommarvêret.
Kronprins Haakon føretok den årlege inspeksjonen av Hans Majestet Kongens Garde. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Utmerkingar
Leiande meinig Oda Topnes frå 1. Gardekompani fekk Gardens Ur som årets beste gardist. Gardens Ur blir skjenkt vernepliktige som har utmerkt seg spesielt i tenesta. Topnes, som kjem frå Sandnes, fekk Gardens Ur på bakgrunn av utrøytteleg arbeidsinnsats, svært god heilskapsforståing, utmerkt framferd, fagleg dugleik og særdeles gode evner til samarbeid og kommunikasjon. Tradisjonen med Gardens Ur skriv seg tilbake til 1934.
Leiande meinig Oda Topnes frå 1. Gardekompani fekk Gardens Ur som årets beste gardist. Foto: Lise Åserud, NTB
I tillegg delte Kronprins Haakon ut Brigader Leif Schanches æresbevisning – ein sabel – til oversersjant Preben Fossum frå 2. Gardekompani. Han har gjennomført tenesta si på ein eksemplarisk måte og såleis vore eit eksempel til etterfølging for både befal og gardistar.
Parade og drilloppvisning
Etter overrekkinga av utmerkingane kommanderte gardesjefen forbimarsj i parade. Inspeksjonen vart avslutta med drilloppvisning – eit alltid populært innslag under inspeksjonen av Hans Majestet Kongens Garde.
Gardistane paraderer forbi Kronprins Haakon. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Kronprinsen helsa òg på offiserar frå det britiske regimentet The Green Howards, som var gjester under inspeksjonen. Kronprins Haakons tippoldemor, Dronning Alexandra av Storbritannia, vart den første kvinnelege æresobersten i regimentet i 1914. I 1942 vart Kong Haakon VII utnemnd til æresoberst i regimentet – ei ære som seinare òg vart Kong Olav V til del. I dag er Hans Majestet Kongen æresoberst i The Green Howards.
Kronprins Haakon med offiserar og befal i Hans Majestet Kongens Garde. Foto: Sturlason / Hans Majestet Kongens Garde
Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:
Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala FacebookasÁigeguovdilis áššit
Gonagaslaš hoavva ovdanbuktá 2023 jahkeraportta
Gonagasviesu doaimmat diibmá speadjalastet otná Norgga. Gonagasbearraša mátkkit 47 suohkanii, almmolaš galledeamit viđa eurohpalaš riikkain, iešguđetlágan lágideamit ovttas riikka suodjalusain ja riikka gearggusvuođa guovdilastin, čájeha mii lea dehálaš Norgii ja masa gonagasbearaš lea bidjan návccaid.
Lihkusávaldagat Dánmárkku ođđa gonagasbárrii
Majestehta Gonagas Harald cealká liekkus lihkusávaldagaid Majestehta Gonagas Frederik X ja Majestehta Dronnet Mary guoktái truvdnolotnahuvvama oktavuođas Dánmárkkus.