Njuike váldosisdollui

– Ei nødvendig økonomisk livbøye

Fleire hundre tusen nordmenn er permitterte eller har mista jobben som følgje av koronakrisa. NAV og tre permitterte møtte i dag Kronprinsparet til videomøte for å fortelje om korleis dei opplever situasjonen.

23.04.2020

Den 12. mars sette regjeringa i verk omfattande tiltak for å kjempe mot koronaviruset. Over heile landet opplevde folk å bli permitterte frå arbeidsplassane sine.

Arbeidskvardagen til tilsette i NAV vart òg endra over natta. Mange arbeidstakarar fekk yrkesforbod, og veldig mange fleire menneske vart avhengige av tenestene til NAV.

Omstillingsevne

Kronprinsparet er imponerte over innsatsen til NAV-tilsette i ei utfordrande tid.

– De har vist ei utruleg evne til omstilling og til å takle den krevjande situasjonen. De er ei heilt nødvendig økonomisk livbøye for mange i samfunnet vårt i denne situasjonen, sa Den Høgvørde Kronprinsen i videomøtet med NAV-sjef Sigrun Vågeng og fire andre leiarar i organisasjonen.

Kronprinsparet i videomøte med Sigrun Vågeng, Jørn Torbergsen og Ellen Chr. Christiansen i NAV. Foto: Skjermdump

Kronprinsparet fekk ei orientering om korleis NAV har justert organisasjonen for framleis å kunne vareta alle som tek kontakt. NAV har lært opp sine eigne til å ta andre saker og fått bistand frå andre etatar.

Så langt i 2020 er det komme inn totalt 443 900 søknader om dagpengar, mot 160 500 gjennom heile 2019 og 166 600 gjennom heile 2018, viser tal frå NAV.

Nye måtar å jobbe på

NAV-leiar Anne Cathrine Brodtkorb i Gamle Oslo fortalde litt om korleis arbeidskvardagen har endra seg for saksbehandlarane. Dei tilsette er vande til å ha direkte kontakt, men har måtta tilpasse seg for å hindre smitte. No skjer mykje av oppfølginga via telefon eller videomøte.

NAV-leiarane løfta fram brukarane for kor takknemlege og tolmodige dei har vore i ein vanskeleg situasjon.

– Det kjem til å gå over

Den Høgvørde Kronprinsessa ville sjå framover.

– Takka vere så mange kunnskapsrike, erfarne og kloke medarbeidarar i NAV sitt system trur vi at vi kjem oss gjennom dette saman. Sjølv om vi er i ein vanskeleg periode no, må vi hugse at det kjem til å gå over. Og ikkje minst, når det er vanskeleg, så er vi heilt avhengige av å ta vare på kvarandre. Vi håpar verkeleg de får til det også i den stormen de no står i, sa Kronprinsessa.

I møte med permitterte

Etter møtet med NAV-leiarane hadde Kronprinsparet ein samtale med tre permitterte på videomøte.

Dei fortalde om det å gå frå ein hektisk arbeidskvardag til at det brått sa stopp, og uvissa som følgde. Rutinar er viktig. Og dersom det er noko positivt dei meiner har komme ut av koronasituasjonen, er det at alle var vorte flinkare til å lytte til kvarandre og ope snakke om utfordringar. Kollegaer og kundar – alle står i det same.

Corazon V. Bråthen, Odd Irvin Henøen og Randi Selfjord fortel Kronprinsparet om korleis dei opplever situasjonen. Foto: Skjermdump

I reiselivsbransjen i 37 år

Med i samtalen var Randi Selfjord frå Trondheim. Ho jobbar til vanleg som reiserådgjevar for reisebyrået Berg Hansen, der ho har jobba sidan 2008. Selfjord har jobba i reiselivsbransjen sidan 1983. Ho er tillitsvald i Handel og Kontor og sit i styret til Fagforeningen for luftfart og reiseliv.

Frå bilmekanikar til bilseljar

Odd Irvin Henøen frå Molde jobbar til vanleg som bilseljar hos ein Toyota-forhandlar. Han er 50 prosent permittert. Henøen er òg tillitsvald i bedrifta og fagorganisert i Fellesforbundet. Han har jobba med Toyota sidan 1998, først som bilmekanikar og dei siste ni åra som bilseljar.

Same avdeling på same hotell i 20 år

Corazon V. Bråthen bur i Nannestad og jobbar til vanleg i konferanseavdelinga på Radisson Blu Airport Hotel på Gardermoen. Bråthen har jobba i same avdeling på same hotell i 20 år. Ho er fagorganisert gjennom Fellesforbundet og var tillitsvald i mange år, fram til i fjor.

Randi Selfjord har jobba i reiselivsbransjen i 37 år. Foto: Morten Antonsen, Adresseavisen

– Vi er imponerte over at de held motet oppe i situasjonen de står i. Det er mange sider ved dette som er krevjande – det økonomiske og uvissa for når ein skal byrje igjen. Eg ønskjer dykk lykke til med det som de står i, sa Kronprinsesse Mette-Marit avslutningsvis.

 

Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:

Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala Facebookas