Njuike váldosisdollui

Norsk Idretts Æresgalleri

Hans Majestet Kong Harald opna denne veka den digitale versjonen av Norsk Idretts Æresgalleri.

13.02.2020

Suzann «Tutta» Pettersen, Odd-Bjørn Hjelmeseth og Knut «Kupper'n» Johannesen var blant dei som vart innlemma i idrettens nye digitale æresgalleri tysdag 11. februar. 

Æresgalleriet er norsk idretts «Hall of Fame», og det er Norske Idrettsleder-Veteraner (NIV) som oppnemner nye medlemmer. Galleriet blir i år lagt ned i si noverande form, som fysiske bilete utstilte på Lillehammer, og er no tilgjengeleg for alle i eit digitalt galleri. 

Knut «Kupper'n» Johannesen var blant dei som vart innlemma i idrettens nye digitale æresgalleri tysdag. Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix.

Det nye galleriet vart vist fram hos Det Norske Veritas i Bærum, og under den offisielle opninga vart 38 nye utøvarar og seks nye lag innlemma. 

Sjå æresgalleriet

I Norsk Idretts Æresgalleri inngår om lag 220 av dei fremste idrettsutøvarane og laga i Noreg som har rørt det sportselskande norske folket i over 100 år.

Både Kong Harald og Kong Olav er tekne opp i galleriet for prestasjonane sine innan segling. 

Det digitale æresgalleriet er eit samarbeidsprosjekt mellom Norske Idrettsleder-Veteraner (NIV) og NTB. 

Alle bileta forlèt no det fysiske galleriet på Lillehammer for å bli tilgjengelege i eit ope, digitalt galleri. Dei vart viste fram hos Det Norske Veritas i Bærum. Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix.

Guoskevaš leaŋkkat

Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:

Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala Facebookas