Hopp til hovedinnhold

Mintest Holocaust

Den Høgvørde Kronprinsregenten la i ettermiddag ned krans på vegner av Noreg ved Holocaust-minnesenteret Yad Vashem i Jerusalem. Måndag er det 75 år sidan frigjeringa av Auschwitz.

23.01.2020

Den 27. januar 1945 vart konsentrasjonsleiren Auschwitz i det okkuperte Polen frigjord av soldatar frå Den raude armeen. I dag vart frigjeringa av konsentrasjonsleiren markert med ein høgtideleg seremoni i Jerusalem.

Etter talar frå både Israels president, Hans Eksellense herr Reuven Rivlin, og ei rekkje andre statsoverhovud og leiarar vart sjølve minneseremonien innleidd ved at overlevande frå Holocaust, Rose Moskowitz og Colette Avital, tende ein fakkel til minne om alle som omkom. 

Overlevande Rose Moskowitz og styreleiar Colette Avital tenner minnefakkelen. Foto: Abir Sultan, Reuters/ NTB scanpix

Deretter la statsleiarar minnekransar framfor monumentet over det store opprøret i Warszawa-gettoen.

Kronprins Haakon plasserte Noregs krans framfor minnesmerket. (Foto: Yad Vashem)

Minnebønnene «Kel Maleh Rachamim» og «Kaddish» avslutta seremonien, etterfølgde av Israels nasjonalsong.

Seremonien vart strøymd direkte frå Yad Vashem

Over ein million døde

Det er vanskeleg å seie presist, men det er stor semje om at minimum 1,1 millionar menneske vart myrda i Auschwitz-Birkenau. Dei aller fleste av offera var jødar. I tillegg vart òg svært mange polakkar, etniske minoritetar, homofile og politiske dissentarar drepne her. Nesten alle norske fangar i Auschwitz var jødar. Berre 25 av 772 nordmenn overlevde. 

Ufattelege seks millionar menneske vart myrda i Holocaust.

Internasjonal minnedag

Frigjeringsdagen 27. januar er anerkjend som Den internasjonale Holocaust-dagen. I år blir det arrangert ein egen minneseremoni i Auschwitz i høve 75-årsjubileet for frigjeringa. Kronprins Haakon kjem òg til å delta på markeringa i Polen på måndag.

Ei lang rekkje statsleiarar var samla i Jerusalem for å minnast frigjeringa av Auschwitz. Foto: Kobi Gideon/GPO

I går kveld var Kronprinsregenten til stades ved ein middag som Israels President Reuven Rivlin heldt for dei mange tilreisande statsleiarane. Tidlegare i dag møtte Kronprins Haakon representantar for det mosaiske trussamfunnet i Noreg.

Guoskevaš leaŋkkat

Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:

Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala Facebookas