Hopp til hovedinnhold

Besøkte Flyktninghjelpa

I ettermiddag besøkte Den Høgvørde Kronprinsregenten hovudkontoret til Flyktninghjelpa i Oslo. Den humanitære organisasjonen hjelper menneske på flukt over heile verda.

13.01.2020

Sidan 2017 har Kronprinsregenten vore beskyttar av Flyktninghjelpa. I dag besøkte han hovudkontoret til organisasjonen i Oslo og vart ønskt velkommen av generalsekretær Jan Egeland og styreleiar Harald Norvik.

Flyktninghjelpa har rundt 14 000 hjelpearbeidarar i 31 land som bidreg med blant anna mat, husly, reint vatn, rettshjelp og utdanning til menneske som er drivne på flukt. Over 8 millionar menneske får kvart år hjelp frå den norske organisasjonen. 

Kronprins Haakon fekk ein grundig gjennomgang av arbeidet Flyktninghjelpa gjer for å hjelpe og beskytte menneske på flukt over heile verda. Foto: Lise Åserud / NTB Scanpix. Under besøket fekk Kronprinsregenten blant anna vere med på eit feltmøte leidd av utanlandssjefen i Flyktninghjelpa Magnhild Vasset. Via videosamtalar orienterte regiondirektørane for Midtausten og Sentral- og Vest-Afrika, Carsten Hansen og Maureen Magee, om situasjonen i dei to regionane og korleis pågåande konfliktar og utfordringar påverkar hjelpearbeidet.

Under omvisinga vart det òg gjeve orienteringar om fokuset organisasjonen har på ungdom på flukt og på klima, og dessutan eit besøk hos beredskapsstyrken til Flyktninghjelpa, NORCAP, som er ein av dei mest brukte sivile beredskapsstyrkane i verda.

Besøket vart avslutta med eit allmøte der Kronprinsregenten, i samtale med generalsekretær Egeland, delte eigne erfaringar frå besøk til prosjekta til Flyktninghjelpa i Etiopia, Jordan og Colombia. 

I 2019 besøkte Kronprins Haakon eit av prosjekta til Flyktninghjelpa med fokus på fred, utvikling og miljø i Mesetas i Colombia.

Guoskevaš leaŋkkat

Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:

Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala Facebookas