Hopp til hovedinnhold

Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse

Det er finaleveke i Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse. Tysdag kveld var Hennar Majestet Dronninga til stades under vokal meisterklasse på Oscarshall.

20.08.2019

Fire av semifinalistane i konkurransen framførte stykke framfor ein fullsett sal, samtidig som dei fekk verdifull undervisning og rettleiing av den koreanske sopranen og jurymedlemmen Sumi Jo. Publikum fekk høyre utdrag frå operaer som Don Pasquale og La fille du régiment. Sumi Jo har etablert seg som ein leiande internasjonal sopran og har motteke utmerkingar for framsyningar ved ei rekkje opera- og konserthus, deriblant Puccini-prisen. 

I forkant av meisterklassen møtte Dronninga Sumi Jo og dei fire semifinalistane som har delteke i årets musikkonkurranse. 

Dronninga møtte deltakarane i forkant av meisterklassen. Frå venstre: Pianist Lina Braaten, barytonsongaren Zachariah Njoroge Kariithi, sopranen Julia Muzychenko, Dronninga, sopranen Sumi Jo, sopranen Emily Pogorelc og messosopranen Astrid Nordstrand. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet.Dronninga møtte deltakarane i forkant av meisterklassen. Frå venstre: Pianist Lina Braaten, barytonsongaren Zachariah Njoroge Kariithi, sopranen Julia Muzychenko, Dronninga, sopranen Sumi Jo, sopranen Emily Pogorelc og messosopranen Astrid Nordstrand. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet.

Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse blir halde annakvart år og tiltrekkjer seg framståande songtalent frå heile verda. Målet for konkurransen er å hjelpe unge talent til ein framtidig karriere. Han er òg ein brubyggjar mellom norsk og internasjonalt musikkliv. 

Rekordmange søkjarar

Konkurransen blir i 2019 arrangert for femtande gong, frå 13. til 23. august i Oslo. Gjennom ti intense dagar kjempar deltakarane om sin plass i finalen. 

Deltakarane i konkurransen er hovudsakleg nyutdanna songarar i starten på ein karriere innanfor opera og klassisk musikk. Årets søknadsrunde trekte songarar frå 50 nasjonar. Etter at juryen har gjort sine val, har rekordhøge 304 søkjarar no vorte til seks finalistar. 

Russiske Julia Muzychenko framførte eit stykke frå operaen Don Pasquale av Donizetti. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet. Russiske Julia Muzychenko framførte eit stykke frå operaen Don Pasquale av Donizetti. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet.  

Finale i Operaen

Den store finalekonserten og prisutdelinga i Dronning Sonja Musikkonkurranse skjer i Den Norske Opera & Ballett i Oslo 23. august.

I Operaen står seks finalistar på scenen:

  • Meigui Zhang, sopran frå Kina
  • Natalia Tanasii, sopran frå Moldova
  • Sergey Kavdalov, baryton frå Russland 
  • Adam Kutny, baryton frå Polen
  • Stefan Astakhov, baryton frå Tyskland
  • Theodore Browne, tenor frå Tyskland.  

Dronninga vil òg vere til stades og dele ut prisane i konkurransen under finalen. Vinnarane får pengepremiar og eit grafisk trykk signert Hennar Majestet. 

Konkurransen er organisert som ei stifting og blir arrangert annakvart år i eit samarbeid mellom Den Norske Opera & Ballett, Noregs Musikkhøgskole, Oslo-Filharmonien og NRK.

Den 22. august er Dronninga òg til stades under ein konsert på Oscarshall der den norske sopranen Mari Eriksmoen vil opptre.

 

Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:

Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala Facebookas