Njuike váldosisdollui

Dåp av ny redningsskøyte

Prinsesse Astrid, fru Ferner var til stades da den nyaste redningsskøyta til Redningsselskapet vart døypt ved Norsk Maritimt Museum onsdag ettermiddag. Skøyta fekk namnet "Prinsesse Ragnhild".

15.08.2019

Den nye redningsskøyta skal etter planen stasjonerast i Horten, der ho vil bidra til å auke øke beredskapen i Ytre Oslofjord.

Dåpsseremoni på Bygdøy 

Den nye redningsskøyta ber namnet til søster til Hans Majestet Kongen og Prinsesse Astrid, Prinsesse Ragnhild, som gjekk bort i 2012. Den yngste dottera til Prinsesse Ragnhild, Ragnhild Lorentzen, var gudmor. 

Gudmor Ragnhild Lorentzen kom på ein av vasscooterane til Redningsselskapet. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet.

Generalsekretær Rikke Lind introduserte gudmora til skipet, som kom sjøvegen på ein av redningsscooterane til Redningsselskapet. Hjelpt i land på kaikanten ved museet stod Ragnhild Lorentzen for dåpshandlinga av redningsskøyta. "Eg døyper deg "Prinsesse Ragnhild". Må hell og lykke følgje deg og mannskapet ditt i di ansvarsfulle gjerning langs den norske kysten", sa Ragnhild Lorentzen før ho sende champagneflaska mot skutesida.

Ragnhild Lorentzen døyper redningsskøyta: «Må hell og lykke følgje deg og mannskapet ditt i di ansvarsfulle gjerning langs den norske kysten.» Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet.

Prinsesse Astrid var den første til å gratulere gudmora, og saman beundra dei to den nye redningsskøyta der ho låg ved brygga på Bygdøy. Prinsesse Astrid nytta òg høvet til å helse på mannskapet som skal tenestegjere om bord.

Prinsesse Astrid med mannskapet på "Prinsesse Ragnhild": Frå venstre: Glenn Thomas Johansen, Marius Dahlen og Martin Omholt. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Majorstua Kammerkor bidrog til seremonien med "Ve no velkomna med æra", og Helene Bøksle og Ingunn Kindem førte fram eit forrykkande musikalsk nummer på bryggekanten.

Helene Bøksle song under opninga av seremonien. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Skøyte 170

"Prinsesse Ragnhild" blir den 170. skøyta til Redningsselskapet sidan Norsk Selskab Til Skibbrudnes Redning vart stifta i 1891. Den nye redningsskøyta høyrer til den såkalla Staff-klassen og er bygd av Hydrolift i Fredrikstad. Skipet har ein toppfart på 45 knop og skal ha eit mannskap på tre frå sjøredningskorpset. Skøyta er gjeve i gåve av Erling Lorentzen, som var gift med Prinsesse Ragnhild, og parets tre barn Haakon Lorentzen, Ingeborg Lorentzen Ribeiro og Ragnhild Lorentzen.

Erling Lorentzen, prinsesse Ragnhilds ektemann fram til ho døydde i 2012, har delfinansiert den nye redningsskøyta. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Dåpen er eit flott høve til å setje fokus på betre sjøtryggleik. Denne sommaren har vi sett at altfor mange har drukna. Vi skal jobbe både med førebygging og med betre beredskap, noko vi får med den nye redningsskøyta, seier generalsekretær Rikke Lind. 

 

Guoskevaš leaŋkkat

Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:

Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala Facebookas