Njuike váldosisdollui

Lofoten internasjonale kammermusikkfest

Hennar Majestet Dronninga opna Lofoten internasjonale kammermusikkfest måndag. Å arrangere festival er ein eksamen ein må bestå kvar gong, sa Dronninga, som tippa toppkarakter også i år.

09.07.2019

Festivalen markerer 15-årsjubileet sitt i år, og Dronninga var til stades under opningskonserten i Lofoten Kulturhus i Svolvær. Konserten presenterte artistane på årets festival, som alle er på eit høgt internasjonalt nivå. Under konserten framførte artistane stykke av blant andre Fritz Kreisler, Joseph Haydn, Johannes Brahms og Frédéric Chopin.

Trio Con Brio Copenhagen framførte Pianotrio i g-moll, op. 15 av Bedrich Smetana. Foto: Sara Svanemyr, Det kongelege hoffet

– Eg gratulerer initiativtakarar, leiing og den trufaste frivillige staben med 15-årsjubileet. Å arrangere festival er inga rutineoppgåve, men ein eksamen ein må bestå kvar gong. Dette har de klart mange gonger tidlegare – med glans – og eg er overtydd om at det blir toppkarakter også i år, sa Dronninga under opninga. 

Dronninga opnar festivalen. Foto: Sara Svanemyr, Det kongelege hoffet

Etablert i 2004

Med initiativtakarane Knut Kirkesæther (dagleg leiar) og Arvid Engegård (kunstarleg leiar) i spissen vart Lofoten internasjonale kammermusikkfest gjennomført for første gong i 2004. Sidan oppstarten har festivalen hatt som føremål å bringe eit variert klassisk program – framført av internasjonale artistar på høgt nivå – til heile Lofoten.

Doric String Quartet framførte strykekvartett i B-dur, op. 33, nr. 4 av Joseph Haydn. Foto: Sara Svanemyr, Det kongelege hoffet

Gjennom åra har dei seks kommunane, alle kyrkjer, kulturhus, ulike galleri og andre arenaer i Lofoten vore brukte. Festivalen blir gjennomført i juli kvart år med ca. 15–20 internajonale musikarar på programmet.

Dronning Sonja avla festivalen eit besøk også i 2017, da ho besøkte to konsertar. 

Kjelde: Lofoten internasjonale kammermusikkfest.

Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:

Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala Facebookas