Besøkte landslaget før VM-kvartfinalen
Den Høgvørde Kronprins Haakon besøkte det norske kvinnelandslaget i fotball før den spennande kvartfinalekampen mot England i går.
I desse dagar blir dei avsluttande rundane av verdsmeisterskapet i fotball for kvinner spelt i Frankrike. Det norske landslaget imponerte under gruppespelet og tok seg til kvartfinalen etter å ha slått ut Australia i ein straffesparkkonkurranse i åttedelsfinalen.
Kronprinsen fortalde om fotballfeberen som herja heime i Noreg, og kor morosamt det har vore å følgje med på prestasjonane til jentene.
Dei norske landslagsspelarane vart overraska over besøket i forkant av gårsdagens kamp. Foto: Det kongelege hoffet
Med seg til spelarane hadde Kronprinsen òg ei helsing frå Kongen. – Eg skulle helse frå far min, han ser òg på kampane. Han synest de berre speler betre og betre, så hald fram med det, så kjem dette til å gå bra, sa Kronprinsen.
Landslagskaptein Maren Mjelde overrekte ei landslagstrøye til Kronprinsen. Foto: Det kongelege hoffet
Etter møtet med spelarane var Kronprinsen på plass på tribunen på Stade Océane i den franske byen Le Havre. Her var det nesten 22 000 frammøtte tilskodarar, og norske flagg vaia, og heiarop kunne høyrast utover det store stadionet. Ei strålande ramme for eit mesterskap som har levert mange store idrettsaugneblinkar.
Dessverre gjekk det ikkje heilt vegen for dei norske jentene i kvartfinalen. Trass i mange store sjansar og strafferedning frå Noregs keeper enda det med eit 0–3-tap mot det engelske landslaget.
Kronprinsen følgde spent med på kampen frå tribunen på Stade Océane. Foto: Det kongelege hoffet
Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:
Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala FacebookasÁigeguovdilis áššit

- Stuora illun beassat leat dáppe davvin
Návvuotna lei maŋemus bisánanbáiki Romssas dán jagáš fylkkamátkkis, man oktavuođas maiddái čađahuvvo guossástallan Svalbárddas. Dat lea Gonagasbára vuosttaš virggálaš galledeapmi suohkanis gos kveana, sámi ja norgga kultuvrrat ellet bálddalga.

Miessemánu 17. beaivvi ávvudeapmi
Gonagasbearaš lea badjel 100 jagi juo vuostáiváldán mánáidtogaid Šloahttabalkoŋggas Oslos. Dán árbevieru álggahii Gonagas Haakon 1906:s. Dál lea mánáidtoga ja miessemánu 17. beaivi measta seamma ášši, muhto nu ii leat álo leamaš.