Abelprisen 2019
I år kunne Hans Majestet Kongen for første gong overrekkje den prestisjetunge Abelprisen til ein kvinneleg matematikar. Karen Keskulla Uhlenbeck tok imot prisen i Universitetets Aula i dag.
Uhlenbeck blir æra «for sitt nybrottsarbeid innen geometriske partielle differensialligninger, gaugeteori og integrerbare systemer, og for den fundamentale innflytelsen av hennes arbeid innen analyse, geometri og matematisk fysikk», heiter det i grunngivinga frå priskomiteen. «Uhlenbeck utviklet verktøy og metoder i global analyse, som nå finnes i verktøykassa til alle geometere og analytikere.»
Prisvinnaren tok opp kor viktig likebehandling av kvinner og menn er innanfor akademia, da ho tok imot prisen.
Kong Harald overrekkjer Abelprisen til Karen Uhlenbeck i Universitetets aula. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
Preses i Akademiet Hans Petter Graver heldt opningstalen, før leiaren i Abelkomiteen, Hans Munthe-Kaas, gav grunngivinga for tildelinga. Det var Det Norske Solistkor og Camilla Spidsøe frå Nasjonalballetten som stod for dei kunstnarlege innslaga undervegs.
I morgon, onsdag 22. mai, held Karen Uhlenbeck prisførelesinga si på Universitetet i Oslo. Abelførelesingane er opne for alle interesserte.
Første kvinne
At prisen for første gong går til ei kvinne, blir teke svært godt imot.
Karen Uhlenbeck er den første kvinna som har fått prisen etter at han vart delt ut første gong i 2003. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
– Årets Abelpris er ei stor oppmuntring for kvinnelege matematikarar. Det gjev energi å sjå at ei kvinne endeleg er med i toppsjiktet. Fleire kvinner kan følgje etter Karen Uhlenbeck, seier Ragni Piene i eit intervju på abelprisen.no. Ho var sjølv første kvinnelege professor i matematikk ved Universitetet i Oslo og leidde tidlegare komiteen som vurderer kandidatar til Abelprisen.
Audiens på Slottet
I forkant av seremonien tok Kong Harald imot prisvinnaren i audiens på Det kongelege slottet.
Kong Harald tok imot abelprisvinnar Karen Uhlenbeck i audiens på Slottet før utdelinga. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix
Abelveka vart innleidd i går, da prisvinnaren la ned krans ved statuen av Noregs store matematikar Niels Henrik Abel på Abelhaugen i Slottsparken.
Matematikkens nobelpris
Det finst ikkje nokon nobelpris i matematikk, så Abelprisen tok mål av seg å bli eit svar på dette da han vart etablert for å løfte fram framståande matematisk arbeid. Prisen er på 6 millionar norske kroner og vart for første gong delt ut 3. juni 2003.
Det Norske Videnskaps-akademi forvaltar prisen, og ein komité med fem matematikarar har oppgåva med å vurdere dei nominerte kandidatane og anbefale ein verdig vinnar.
Bankett til ære for vinnaren
I kveld er Kongen til stades når regjeringa held bankett til ære for abelprisvinnaren på Akershus slott.
Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:
Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala FacebookasÁigeguovdilis áššit

- Stuora illun beassat leat dáppe davvin
Návvuotna lei maŋemus bisánanbáiki Romssas dán jagáš fylkkamátkkis, man oktavuođas maiddái čađahuvvo guossástallan Svalbárddas. Dat lea Gonagasbára vuosttaš virggálaš galledeapmi suohkanis gos kveana, sámi ja norgga kultuvrrat ellet bálddalga.

Miessemánu 17. beaivvi ávvudeapmi
Gonagasbearaš lea badjel 100 jagi juo vuostáiváldán mánáidtogaid Šloahttabalkoŋggas Oslos. Dán árbevieru álggahii Gonagas Haakon 1906:s. Dál lea mánáidtoga ja miessemánu 17. beaivi measta seamma ášši, muhto nu ii leat álo leamaš.