Skrivekurs på Skaugum
– Å skrive ei bok er det motsette av å skrive på insta. Insta er 100 meter – roman er maraton! Skrivelysten ungdom fekk råd og tips av erfarne forfattarar da Kronprinsessa inviterte til skrivekurs.
Den 8. mai legg Den Høgvørde Kronprinsessa ut på årets utgåve av Litteraturtoget – denne gongen med T-banen. Kronprinsessas Bokbane går frå Kolsås i Bærum til Stovner i Oslo. Som ein opptakt inviterte Kronprinsesse Mette-Marit ungdom til skrivekurs på Skaugum i dag – for å auke skrivelysta og inspirere til å skrive.
Skrivelysten ungdom
Ungdom frå åtte vidaregåande skolar var inviterte til kurset – alle med spesiell interesse for å lære meir om forfattarfaget. Dei kom frå Stovner, Hellerud, Etterstad, Persbråten, Ullern og Rosenvilde vidaregåande skolar, i tillegg til Oslo Handelsgymnasium og Oslo katedralskole.
Insta er 100 meter. Ein roman er maraton! Arne Svingen hadde mange gode råd og tips. Foto: Heiko Junge, NTB scanpix
Arne Svingen står bak bøker i ei rekkje genrar sidan debuten i 1999, men er kanskje mest kjend for spennande bøker for barn og unge. Han delte av sine erfaringar i dag. Det same gjorde Siri Pettersen – forfattaren av den populære serien Ravneringene.
– Les alt de kjem over om story structure, plot og layout, for i byrjinga veit ein ikkje kva ein driv med, rådde Siri Pettersen til. – Ikkje kast bort så mykje tid som eg gjorde.
Elevane fekk med seg gode råd frå erfarne forfattarar. Foto: Heiko Junge, NTB scanpix
Vi håpar på gjensyn med mange av ungdommane på biblioteka langs ruta for Kronprinsessas Bokbane 8. og 9. mai. Foto: Det kongelege hoffet
Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:
Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala FacebookasÁigeguovdilis áššit

- Stuora illun beassat leat dáppe davvin
Návvuotna lei maŋemus bisánanbáiki Romssas dán jagáš fylkkamátkkis, man oktavuođas maiddái čađahuvvo guossástallan Svalbárddas. Dat lea Gonagasbára vuosttaš virggálaš galledeapmi suohkanis gos kveana, sámi ja norgga kultuvrrat ellet bálddalga.

Miessemánu 17. beaivvi ávvudeapmi
Gonagasbearaš lea badjel 100 jagi juo vuostáiváldán mánáidtogaid Šloahttabalkoŋggas Oslos. Dán árbevieru álggahii Gonagas Haakon 1906:s. Dál lea mánáidtoga ja miessemánu 17. beaivi measta seamma ášši, muhto nu ii leat álo leamaš.