Avduka monumentet «Fjordafolket»
I 50 år har Storfjordens Venner arbeidd for å ta vare på dei gamle fjord- og fjellgardane kring Storfjorden på Sunnmøre. – Imponerande dugnadsånd, sa Hennar Majestet Dronninga, som deltok på jubileumsfeiringa i Geiranger og avdukinga av tre nye skulpturar.
Dronning Sonja takka Storfjordens Venner for eit fantastisk frivillig arbeid som har vore lagt ned gjennom 50 år.
– De har ikkje berre redda viktige kulturminne. De har òg gjort det litt lettare for besøkande – slike som meg – å kome seg opp på fjellhyllene og oppleve desse stadene – og skapt minne for livet, sa Dronninga.
Dronning Sonja og Karl Mjelva avdukar skulpturen “Høybør” ved Norsk Fjordsenter. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Styret i Storfjordens Venner vedtok i 2016 å heidre minnet om folket på fjord- og fjellgardane langs Storfjorden med eit monument. Resultatet vart tre skulpturar – «Mor med barn», «Slåttekar» og «Høybør». Dei tre skulpturane har fått samlenamnet «Fjordafolket» og vart avduka som ein del av jubileet. Skulpturane er laga av Ola Stavseng og står plasserte ved Norsk Fjordsenter.
Dronning Sonja avduka skulpturen «Høybør» saman med Karl Mjelva, initiativtakar til Storfjordens Venner og den første leiaren av foreininga.
Skulpturane er laga av kunstnaren Ola Stavseng og er ein hyllest til fjordfolket. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Laurdag kveld var Dronning Sonja til stades ved ein festmiddag på Hotel Union i Geiranger i høve 50-årsjubileet.
Kongeskipet Norge ligg inst i Geirangerfjorden under besøket. Den UNESCO-registrerte fjorden utgjer ein arm av Storfjorden. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:
Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala FacebookasÁigeguovdilis áššit

- Stuora illun beassat leat dáppe davvin
Návvuotna lei maŋemus bisánanbáiki Romssas dán jagáš fylkkamátkkis, man oktavuođas maiddái čađahuvvo guossástallan Svalbárddas. Dat lea Gonagasbára vuosttaš virggálaš galledeapmi suohkanis gos kveana, sámi ja norgga kultuvrrat ellet bálddalga.

Miessemánu 17. beaivvi ávvudeapmi
Gonagasbearaš lea badjel 100 jagi juo vuostáiváldán mánáidtogaid Šloahttabalkoŋggas Oslos. Dán árbevieru álggahii Gonagas Haakon 1906:s. Dál lea mánáidtoga ja miessemánu 17. beaivi measta seamma ášši, muhto nu ii leat álo leamaš.