Dronninga opna hengebru i Hardanger
I forlenginga av Dronningstien i Lofthus er det no laga ei hengebru over Opo-elva. Det knyter to turruter saman.
Turentusiastar frå nært og fjernt var til stades på opning av Rjukande bru på sankthans, etter ein god gangtur på kring 40 til 50 minutt i lett skodde som letta til opninga.
Kvistklipping
Det raude bandet var byta ut med ein kvist da Hennar Majestet Dronning Sonja opna hengebrua.
Dronninga opnar hengebrua over Opo-elva. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoff
Brua vil gje alle som kjem frå Dronningstien eit alternativ til Munketrappene for å kome seg ned til fjorden. Eit flott turterreng på sørsida av Opo-elva til Skrikjo og ned til Stuaset opnar seg.
– Ein draum blir verkeleg
Til stades var dessutan Ullensvang-ordførar Solfrid Borge og tiltakshavar Harald Alvavoll frå Munketrappens vener. Båe talte under opninga.
– Det er ei lita bru som betyr veldig mykje. Folk får no utvida opplevinga si no som dei går Dronningstien og kjem inn i eit heit nytt turområde. Det å setje opp denne brua er ein veldig enkel ting, men det utløyser veldig mye positivt med seg, sa Harald Alvavoll frå Munketrappens vener.
Dronninga nytta høvet til å seie nokre ord under opninga:
– Dette er en drømmedag. Det er en drøm som har blitt virkelig. Jeg har vært så heldig å vandre rundt i dette distriktet i over 20 år. Det at vi får en bro her, åpner opp og gir utrolige muligheter, sa Dronninga og gav honnør til alle menneska som har gjort dette mogleg og dessutan tiltaka som har vore sette i verk for å ruste opp gamle stier og stader i området.
Dronning Sonja saman med Harald Alvavoll frå Munketrappens vener. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoff
Dronning Sonja opna «H.M. Dronning Sonjas panoramasti» i juni 2013. Turen går opp til ei høgde på 1100 meter, med utsyn innover Sørfjorden og over til Folgefonna og med passering av fleire tusen frukttre på veg ned mot fjorden.
Dronningstien i Hardanger. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoff
Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:
Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala FacebookasÁigeguovdilis áššit

- Stuora illun beassat leat dáppe davvin
Návvuotna lei maŋemus bisánanbáiki Romssas dán jagáš fylkkamátkkis, man oktavuođas maiddái čađahuvvo guossástallan Svalbárddas. Dat lea Gonagasbára vuosttaš virggálaš galledeapmi suohkanis gos kveana, sámi ja norgga kultuvrrat ellet bálddalga.

Miessemánu 17. beaivvi ávvudeapmi
Gonagasbearaš lea badjel 100 jagi juo vuostáiváldán mánáidtogaid Šloahttabalkoŋggas Oslos. Dán árbevieru álggahii Gonagas Haakon 1906:s. Dál lea mánáidtoga ja miessemánu 17. beaivi measta seamma ášši, muhto nu ii leat álo leamaš.