H.M. Kongen skal sjå gullhåpet Solfrid Koanda løfte under VM i Førde
Når Noregs største gullmedaljehåp og OL-medaljevinnar Solfrid Koanda løftar for VM-gull i Førde 9. oktober, er det med H.M. Kongen på første rad. I tillegg kan Koanda vente seg å bli heia fram av eit solid heimepublikum. Dei fyller alle 1 700 plassane i Førdehuset.
Pressemelding fra arrangør:
- Arenaen ho skal løfte i er heilt magisk. Folk som har vore inne i salen, høyrt musikk og sett prøvene har faktisk fått tårer i auga, seier VM-general Stian Grimseth.
Arenaen Solfrid Koanda skal løfte på er snekra saman som baugen på eit vikingskip. Det håpar Grimseth skal gi både Kongen, løftarane og publikum eit minne for livet.
- Enten ein er interessert i vektløfting eller ikkje, så blir det ei heilt unik oppleving å vere i salen. Eg har stor tiltru til at det lokale publikummet vil skape ei fantastisk stemning, seier Grimseth.
Solfrid Koanda skal løfte i Førdehuset torsdag 9. oktober klokka 17.00 – 19.00.
Akkreditering:
Presse som ønskjer å dekke Kongen sitt besøk må ha akkreditering. Desse må kontakte statsforvaltar Edvard Høgestøl: edvard.hogestol@statsforvalteren.no, evt. +47 913 83 573
Pressa vil få reserverte sete under konkurransen.