Njuike váldosisdollui

H.M. Dronninga besøker UWC Røde Kors Nordisk

H.M. Dronning Sonja er UWC Røde Kors Nordisk sin beskyttar. I anledning UWC Røde Kors Nordisk sitt 30 års jubileum vil Dronning Sonja besøke UWC Røde Kors Nordisk i Fjaler laurdag 27.09 og søndag 28.09. Dronning Sonja vil delta på ulike arrangement på skulen saman med elevar, tilsette og gjestar.

Pressemelding fra UWC Røde Kors Nordisk:

UWC Røde Kors Nordisk vart grunnlagt i 1995 og er ein internasjonal vidaregåande skule med 200 elevar frå kring 90 nasjonar. I rekrutteringa av elevar er vi bevisst på å skape ei så samansett gruppe som mogleg, og å legge til rette for å kome saman på tvers av skillelinjer. UWC RKN har eit overordna mål om å bruke utdanning til å fremje fred og berekraftig utvikling.

Vi har tre grunnpilarar i vårt arbeid på UWC Røde Kors Nordisk:

  • Berekraftig utvikling
  • Humanitært arbeid
  • Nordisk samarbeid

Presse som ønskjer å dekke besøket må bli akkreditert. For meir informasjon om programmet og presseakkreditering ta kontakt med Statsforvalteren i Vestland ved seniorrådgjevar Edvard Høgestøl, per e-post: edvard.hogestol@statsforvalteren.no

 

18.09.2025

Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:

Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala Facebookas