Frankrikes president på offisielt besøk til Noreg
Den franske presidenten Emmanuel Macron og kona hans Brigitte Macron kjem til Oslo 23. og 24. juni. Det er 41 år sidan sist gong ein fransk president var på offisielt besøk i Noreg.
Presseinvitasjon fra Statsministerens kontor:
Statsministeren tek imot president Emmanuel Macron på Akershus slott til ein arbeidslunsj og eit møte på Statsministerens kontor, før dei får ei omvising på Nasjonalmuseet.
Hans Majestet Kong Harald og Hennar Majestet Dronning Sonja inviterer presidentparet til gallamiddag på Det kongelege slott. Macron og Støre skal òg delta på eit næringslivsarrangement, etterfølgt av ein pressekonferanse som blir send direkte på regjeringa.no. Brigitte Macron vil ha eit eige program saman med Dronning Sonja.
– Eg ser fram til besøket, som skjer dagen før Natos toppmøte i Haag. I ei usikker tid er det ekstra viktig å kunne snakke saman om felles interesser og prioriteringar. Noreg og Frankrike er nære allierte og partnerar i Europa. Vi står saman i kampen for Ukrainas fridom og sjølvstende. Mellom anna leiar Frankrike saman med Storbritannia arbeidet for å samordne dei europeiske støttespelarane for Ukraina, der Noreg òg deltek, seier statsminister Jonas Gahr Støre.
Støre og Macron møtest for å diskutere mellom anna det gode forholdet mellom Noreg og Frankrike, forsvar og sikkerheit, og situasjonen i Ukraina og Midtausten.
– Samarbeidet mellom Noreg og Frankrike blir stadig nærare, djupare og breiare. Vi har i løpet av det siste året styrkt samarbeidet om grøn industri og grøn omstilling, og om forsvar og sikkerheit. I internasjonale spørsmål er Frankrike og Noregs svært samstemde om behovet for å bevare multilateralt samarbeid og stå opp for folkeretten, seier Støre.
Samarbeid mellom Frankrike og Noreg om det grøne skiftet, grøn omstilling, energi og kultur vil òg stå på dagsorden.
Fakta om norsk samarbeid med Frankrike
- Frankrike er ein nær alliert og ein stor handelspartnar for Noreg. Den totale samhandelen med Frankrike har dobla seg dei siste ti åra.
- Norske bedrifter eksporterte varer for 110 milliardar kroner til Frankrike i fjor, mellom anna fisk, mineralolje og gass. Import frå Frankrike utgjer omkring 30 milliardar kroner.
- Det er rundt 100 norske bedrifter etablert i Frankrike, i dei fleste sektorar som mineral, energi, maritim, jordbruk og helse. Det er den fjerde største investeringsmarknaden for Statens pensjonsfond utland.
- Noreg og Frankrike samarbeider mellom anna om det grøne skiftet. Det strategiske industripartnarskapet inkluderer fornybar energi, karbonfangst og -lagring, og kritiske mineral.
Presse som ønskjer å dekke besøket må søkje om å bli akkreditert her innan fredag 20. juni kl. 12. Detaljar om programmet blir deretter sende akkreditert presse.
Pressekontaktar for statsminister Jonas Gahr Støre er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post anne-kristin.hjukse@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ragnhild H. Simenstad, telefon 91 71 74 59, e-post rhs@smk.dep.no.