Njuike váldosisdollui

Feira OL- og parautøvarar

– Høgdepunkta stod i kø – og det er vanskeleg å løfte fram nokre få. Vi var vitne til ekstreme prestasjonar og stor lagånd. Spesielt gjer lagånda meg både glad og rørt, sa Hans Majestet Kongen da han talte til dei norske utøvarane frå OL og Paralympics i Beijing under ein middag på Slottet i kveld.

12.05.2022

I februar og mars i år deltok 96 norske utøvarar i vinter-OL og paralympiske vinterleikar i Beijing. Noreg tok medaljar i alle øvingane vi stilte med utøvarar i, og utøvarane drog heim med totalt 37 medaljar.

Vinterleikane i Beijing vart arrangerte utan internasjonalt publikum, som følgje av strenge reise- og smittevernreglar under koronapandemien. Derfor inviterte Kongeparet i kveld deltakarar, trenarar og leiarar til middag på Slottet.

– Sidan vi ikkje kunne få følgje dykk frå tribunen i Beijing, ville vi gjerne invitere dykk heim til oss i staden. Men vi håpar det blir siste gong! For all del, det er hyggeleg å ha dykk på besøk, men det er enda meir stas å følgje dykk som publikum – anten det er i Noreg eller andre stader i verda, sa Kongen da han talte under middagen.

86 OL- og parautøvarar blei ønskt velkommen til middag på Slottet. Foto: Terje Bendiksby / NTB.

Spesiell meisterskap

Kovidrestriksjonar, karantenar, smitte og sjukdom gjorde meisterskapen i år ekstra krevjande for fleire av utøvarane.

– Eg kan ikkje eingong førestille meg kor mykje all denne ekstrabelastninga måtte krevje av dykk, på toppen av å skulle førebu dykk til sjølve konkurransane med dei beste i verda. Det må òg ha vore ein underleg affære å konkurrere utan jubelrop frå publikum. Men de skal vite at de vart ettertrykkeleg heia fram rundt omkring i dei tusen stuer. Det kan i alle fall Dronninga stadfeste for min del, sa Kongen.

Dronning Sonja i samtale med Johannes Høsflot Klæbo, som tok fleire medaljar under OL. Foto: Simen Løvberg Sund, Det kongelige hoff.

Det var 144 til bords i Store spisesal, inkludert Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga, Dei Høgvørde Kongelege Kronprinsen og Kronprinsessa, Prinsesse Märtha Louise og Prinsesse Astrid.

Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga, Dei Høgvørde Kongelege Kronprinsen og Kronprinsessa, Prinsesse Märtha Louise og Prinsesse Astrid under middagen på Slottet. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff.

Til saman var det 86 OL- og parautøvarar til stades.

Forsvarets stabsmusikkorps spelte mens gjestene kom til middagen. Etter at Kongen hadde ønskt gjestene velkommen, vart det servert asparges og marmorert laks som forrettar, andebryst til hovudrett og plomme- og karamellterte med is til dessert.

Til slutt inntok artisten Dagny scenen i Store spisesal og song tre songar.

 

 

Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:

Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala Facebookas