Njuike váldosisdollui

Markerte Holocaustdagen

Den Høgvørde Kronprinsen var i ettermiddag til stades ved den nasjonale minneseremonien under den internasjonale holocaustdagen på Akershuskaia i Oslo.

27.01.2022

Dagen er markert fleire stader i Noreg og internasjonalt til minne om offera for utryddingspolitikken til nazistane under andre verdskrigen. Kronprins Haakon tende ein fakkel som symbol på dei ufatteleg  mange jødane som vart drepne i konsentrasjonsleirane.

Guri Hjeltnes, som er direktør ved Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret), ønskte Kronprinsen og andre deltakarar velkommen til minnemarkeringa. Hjeltnes fortalde om den historiske bakgrunnen for holocaustdagen og at det var seks millionar jødar som vart drepne i dei tyske konsentrasjonsleirane.

Ungdommar

Seks ungdommar frå Det Mosaiske Trossamfund i Oslo kom opp på scenen for å lese korte tekstar. Framfor scenen brann det fem faklar, og Guri Hjeltnes bad Kronprinsen tenne den sjette og siste fakkelen. Kvar av faklane symboliserte ein million jødar.

Da Kronprins Haakon hadde tent den siste fakkelen, las kvar av ungdommane ein tekst som fortalde om ein av jødane i Noreg som vart arrestert, deportert og drepen i Auschwitz. Etter at dei hadde lese kvar sin tekst peika kvar av dei på ein fakkel og sa: «Dette er lese til minne om ein million drepne jødar.»

Kronprinsen snakka med ungdommane som framførte minneord på scenen. (Foto: Sven Gj. Gjeruldsen / Det kongelege hoffet)

Etter ungdommane heldt statsråd Anette Trettebergstuen ein tale på vegner av regjeringa. I tillegg til statsråden talte styreleiar Ronen Bahar ved Det Mosaiske Trossamfund og ordførar i Oslo Marianne Borgen.

80 år sidan

Minnemarkeringa ved Akershus festning bar preg av at det i år er 80 år sidan den største deportasjonen av norske jødar fann stad med transportskipet M/S «Donau».

529 jødar vart arresterte og førte om bord i transportskipet 26. november 1942. Berre ni av dei deporterte overlevde og kom tilbake. Skipet låg til kai rett overfor der dagens minnesmerke ligg.

Minnesmerket er laga av den britiske kunstnaren Antony Gormley, og det vart gjeve i gåve frå den norske staten i 2000.

I framgrunnen kan ein sjå delar av minnesmerket "Vacant chair". (Foto: Sven Gj. Gjeruldsen / Det kongelege hoffet)

Appellar for offergrupper

Den internasjonale holocaustdagen – 27. januar – vart oppretta av FNs tryggingsråd 11. november 2005. Same dato i 1945 frigjorde sovjetiske soldatar fangane i den største konsentrasjonsleiren Auschwitz-Birkenau.

Det vart òg framført appellar for andre offergrupper. Halvor Moxnes talte på vegner av dei homofile. Nora Pettersen heldt appell på vegner av tater/romanifolket og Amorina Lund på vegner av romane.

Minnemarkeringa vart avslutta ved at kantor Amichai Davidovich frå Det Mosaiske Trossamfund song bønna El Maley Rakhamin. Før avreise frå Akershuskaia møtte Kronprins Haakon overlevande, og han helsa på ungdommane som hadde vore på scenen.

 

Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:

Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala Facebookas