Njuike váldosisdollui

Møtte techjenter og teknologibedrifter

Den Høgvørde Kronprinsen besøkte i dag robotselskapet AutoStore, inst i Vatsfjorden nord i Rogaland. I Haugesund lét han seg imponere av 100 jenter som lærte om koding og speldesign på Girl Tech Fest.

03.11.2021

Kronprins Haakon besøkte eit fylke med spesielt store behov for omstilling, sidan mykje av olje- og gassverksemda i landet ligg her.

Teknologi og kompetanse frå petroleumsnæringane gjev samtidig eit godt utgangspunkt for å utvikle nye løysingar i andre næringar.

Norsk lagerrobot

Første stopp på programmet var AutoStore – ei bedrift som lagar robotiserte lagerløysingar til fleire store selskap og har kundar i 30 land verda over.

Synnøve Matre i AutoStore viser korleis robotane deira har utvikla seg sidan oppstarten i 1996. Foto: Simen Løvberg Sund, Det kongelege hoffet

Kronprinsen vart vist rundt i lokala til hovudkontoret, som ligg i bygda Åmsosen i Nedre Vats. Avdelingssjef Synnøve Matre har vore i selskapet nesten heilt sidan starten for 25 år sidan og gav Kronprinsen eit innblikk i korleis robotane har utvikla seg frå første til siste modell.

Kronprinsen fekk òg sett på eit testsystem og korleis robotane raskt og effektivt hentar og plasserer varer i eit lager.

Techjenter og gründerar i Haugesund

Etter besøket i Vindafjord gjekk turen vidare til Haugesund folkebibliotek, der 100 jenter var samla til Girl Tech Fest.

Femteklassingane fekk utforske kva teknologi kan brukast til – saman med kvinnelege rettleiarar frå teknologiyrke. Jentene fekk i oppgåve å programmere, animere og lage spel.

– Eg håpar de får ein kjempefin dag – og at de blir inspirerte til å jobbe meir med teknologi og realfag i åra som kjem, sa Kronprinsen til deltakarane på Girl Tech Fest.

Kronprinsen lét seg imponere av jentene og det dei hadde lært i løpet av dagen. Foto: Simen Løvberg Sund, Det kongelege hoffet

Girl Tech Fest vart arrangert for første gong i 2015 og blir arrangert på bibliotek og vitensenter over heile landet. Målet med festdagen er å auke interessa hos jenter for teknologi og realfag i ein alder der interessa fort kan dabbe litt av.

Kronprins Haakon har følgt gründermiljøet i fleire år. På Gründerloftet i Haugesund hadde Innovasjon Norge samla ei rekkje verksemder som bidreg til eksportinntekter gjennom internasjonal vekst, og som utnyttar teknologien utvikla for olje og gass til å skape nye produkt.

Kronprinsen vart presentert for gründerar og vekstbedrifter som arbeider med alt frå apputvikling til batteriteknologi og offshore havvind.

Kronprinsen i samtale med gründeren Vibeke Vestre i Sky of Norway, som lagar eit digitalt verktøy for interiørdesignarar. Foto: Simen Løvberg Sund, Det kongelege hoffet

Gjennom dagen vart Kronprinsen følgd av ordførarane i Vindafjell og Haugesund, Ole Johan Vierdal og Arne-Christian Mohn, og politimeister Hans Vik og av Bent Høie på den tredje dagen hans som statsforvaltar i Rogaland.

 

Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:

Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala Facebookas