Njuike váldosisdollui

Over 50 år med moderne redningsteneste

Den Høgvørde Kronprinsen var i dag til stades under Hovudredningssentralens 50-årsjubileum i Bodø. – Takk for at de gjennom 51 år har vore vår felles nasjonale tryggleik.

20.09.2021

Markeringa av 50-årsjubileet skulle ha vore halden i fjor, men vart utsett på grunn av pandemien.

– I Noreg har vi til alle tider vore avhengige av å hjelpe kvarandre når ulykker skjer. Klima og geografi har gjort oss sårbare – og redningsarbeidet utfordrande. Hovudredningssentralen forvaltar noko av det mest grunnleggjande i oss: å hjelpe folk når dei er i naud, sa Kronprins Haakon i talen sin ved opninga av jubileumsmarkeringa.

Kronprins Haakon fekk ei orientering om Noregs nye redningshelikopter SAR Queen. SAR er ei forkorting for engelske «search and rescue» (søk og redning). Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Kronprinsen la vekt på at ein gjennom samarbeid reddar liv, og at vi har eit statleg system som byggjer på samvirke mellom offentlege etatar, organisasjonar og private aktørar.

– Det gjer at ein effektivt kan mobilisere når det står om minutt, uttalte han.

Les heile talen her.

Søk og redning frå Sør- til Nord-Noreg

Hovudredningssentralen leier og koordinerer alle typar søk- og redningsaksjonar – på sjø, på land og i luft. Dette skjer anten direkte frå avdelinga i Nord-Noreg eller frå avdelinga i Sør-Noreg, eller gjennom oppdrag til underlagde lokale redningssentralar.

– Det krev stor fagkunnskap, spisskompetanse og mykje øving for raskt å samordne ein effektiv redningsaksjon – for eksempel etter eit snøskred. Det krev det beste av kvar enkelt, sa Kronprins Haakon.

Noregs nye redningshelikopter

Kronprinsen fekk sjølv sjå korleis dei ulike aktørane samhandlar – det vere seg i lufta, til sjøs eller på land – gjennom ein stor beredskapsdemonstrasjon i hamnebassenget i Bodø.

Ved hamnebassenget i Bodø overvar Kronprinsen og direktør for Hovudredningssentralen Jon Halvorsen ein demonstrasjon av redningsressursar. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Kronprins Haakon besøkte òg operasjonsrommet til Hovudredningssentralen, der han fekk forklart kva som skjer når alarmen går.

I kveld fekk Kronprins Haakon ei orientering om Noregs nye redningshelikopter som no blir fasa inn i teneste. Det første norske SAR Queen-helikopteret vart først teke i bruk av 330-skvadronen i fjor haust.

Dei nye redningshelikoptera skal erstatte dei gamle av typen Sea King.

Lange tradisjonar

Redningstenesta i Noreg har lange historiske tradisjonar, men det som særprega henne før, var mangelen på ei sentral leiing som kunne koordinere samarbeidet mellom ulike offentlege og private bidragsytarar.

Mangelen på ei overordna koordinert redningsleiing kom til utrykk etter forliset til MF Skagerrak i desember 1966. Ferja var på veg frå Kristiansand til Hirtshals med 150 passasjerar om bord da ho forliste i 15 meter høge bølgjer. Det vart sett i verk ein stor redningsaksjon, og i ettertid innrømte norske styresmakter at redningsaksjonen som vart sett i verk, ikkje kunne vorte gjennomført av norsk redningsteneste. Takk vere hjelp frå dansk redningsteneste kunne passasjerane evakuerast frå skipet.

«Skagerrak-forliset» førte til fortgang i arbeidet med å etablere ein norsk hovudredningssentral, og 1. september 1970 kunne Hovudredningssentralen opne avdelingane sine på Sola og i Bodø.

Umeldt besøk

Kongefamilien har ved fleire høve besøkt Hovudredningssentralen både på Sola og i Bodø.

Det første besøket skal ha vore gjennomført kort tid etter opprettinga i 1970. Kong Olav var på besøk i Stavanger og nytta litt ekstra tid på flyplassen til å avleggje avdelinga på Sola eit umeldt besøk. I vaktrommet var det tomt, men bak eit forheng høyrde Kong Olav at nokon romsterte. Det viste seg å vere vakthavande redningsleiar som tok oppvasken på eit lite tekjøkken. Historia fortel om ein mållaus vaktleiar. Kong Olav løyste opp situasjonen med eit smil og ein humoristisk replikk. Deretter fekk Kongen ei innføring i korleis Hovudredningssentralen løyste oppdraga sine.

Hans Majestet Kong Harald besøkte Hovudredningssentralen i Bodø i 2006 og gjorde den offisielle opninga av nybygget ved sentralen den gongen.

 

 

Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:

Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala Facebookas