Njuike váldosisdollui

Dronninga opna trappesti i Hardanger

Kråkestien med sine 949 trappetrinn ved starten av Dronningstien sør fekk i dag si offisielle opning. – Endelig, sa Hennar Majestet Dronning Sonja.

05.06.2021

Opninga skulle eigentleg vore for eit år sidan, men koronapandemien satte ein stoppar for arrangementet. I dag var det opning ved foten av Kråkestien på Lofthus i Ullensvang kommune – i lettskya vêr og med 30 gjestar til stades.

Eit godt stykke opp i trappetrinna stod Ullensvang Skulemusikklag og Maria Digranes som underheldt med korpsmusikk og vakker song – «Å, Vestland, Vestland».

Greinklipping

Dronninga klipte over ei lang grein frå eit epletre for å markere opninga av Kråkestien og grindabygget på Stuaset. Ordførar Roald Aga Haug og Harald Alvavoll frå Munketreppenes vener talte under opninga.

– For oss var Kråkestien en steinrøys – umulig å gå, sa Dronninga i sin tale og takka involverte eldsjeler og sherpaer for at stien no har vorte ein realitet.

Dronninga klipper over ei grein for å markere opninga av Kråkestien med sine 949 trappetrinn. Hans Edmund Utne og Harald Alvavoll held i kvar sin ende av greina. Foto: Ørn E. Borgen / NTB

– Et besøk for 39 år siden har satt sine spor. Om vi har talt rett, har jeg trolig vært i Ullensvang minst 37 ganger – helt siden mitt første besøk i 1982, sa ho og fortsette.

– For meg er Ullensvang ensbetydende med friluftsliv. Her er naturen på sitt rauseste. Og naturen har bergtatt meg og mitt følge mer og mer – etter hvert som vi har blitt kjent i Ullensvang-området. Men det er ikke bare naturen som fascinerer, det gjør også menneskene som bor her. Jeg er imponert over tiltakslysten og samholdet for å utvikle og ta vare på bygda.

Dronningstien

Etter kvart skulle det bli mogleg for fleire å oppleve panoramaet som Dronninga hadde fått sett på sine turar. Vegen blei rydda, og i juni 2013 kunne Dronning Sonja opne «H.M. Dronning Sonjas panoramasti».

Turen går opp til ei høgde på 1100 meter, med utsyn innover Sørfjorden og over til Folgefonna og med passering av fleire tusen frukttre på veg ned mot fjorden. I 2020 gjekk 40 000 Dronningstien.

I 2018 opna Dronning Sonja ei hengebru over Opo-elva i forlenginga av Dronningstien. Rjukande bru knyter to turruter saman.

 

Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:

Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala Facebookas