Njuike váldosisdollui

Digitalt møte med religiøse leiarar

Dei religiøse samfunna i Noreg har slutta opp om helseråda frå styresmaktene og vore viktige bidragsytarar i koronatida. Den Høgvørde Kronprinsen fekk høyre om erfaringane deira i dag.

03.06.2020

Å samlast til gudsteneste, til bønn og andre former for samvær står heilt sentralt i trusfellesskapa. Det var krevjande når pandemien gjorde det umogleg å komme saman. Både den kristne påska, den muslimske ramadan og den buddhistiske feiringa av vesak kom etter at koronatiltaka la avgrensingar på samværet.

Kronprins Haakon ønskte å høyre om korleis trusfellesskapa har handtert situasjonen.

Eit viktig informasjonsarbeid

Ingrid Rosendorf Joys er generalsekretær i Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn (STL). Dei religiøse samfunna var raskt ute med å stengje kyrkjer, tempel, moskear og andre gudshus, fortalde ho. – Det var eit sterkt ønske om å bidra i dugnaden.

– Dei religiøse leiarane sette autoriteten sin bak smitteverntiltaka frå helsestyresmaktene. Det har vore viktig: Vi har ikkje sett noka oppblomstring av smitte i religiøse samanhengar her heime.

STLs generalsekretær Ingrid Rosendorf Joys i nettmøte med Kronprinsen. Foto: STL

STL var tidleg ute med informasjon og fekk produsert heile 28 videoar på nesten like mange språk. Ulike religiøse leiarar snakka på sin måte til sine medlemmer og oppfordra alle om å følgje helseråda. Videoane vart spreidde via STL og trussamfunna sine eigne kanalar. Slik nådde dei fram til grupper som kunne vore vanskelege å nå direkte for styresmaktene. Det vart ein viktig del av koronaresponsen. 

God oppslutning digitalt

Preses i Den norske kyrkja Olav Fykse Tveit kunne fortelje om god oppslutning om digitale gudstenester og andakter – dei nådde kanskje fleire enn dei som ville delteke fysisk. Når det som måtte stengje, vart stengt, byrja ein raskt med nye ting. Korleis kunne ein ha kontakt utan å samlast? Nye flater og tekniske hjelpemiddel vil nok fortsetje ved sida av den vanlege drifta framover. Slik vil dette ha ein varig påverknad, peika biskopen på. 

Viktige seremoniar, som gravferd, har vore gjennomførte heile tida, men med store restriksjonar på omfanget og kor mange som har kunna delteke. Å ikkje kunne samlast i sorga har vore ei ekstra belastning for mange som har mista sine. 

Krisetida har òg avdekt ulikskapar mellom trussamfunna ved at berre tilsette prestar har hatt tilgang til døyande på sjukehus og sjukeheimar. Mangel på livssynsnøytrale seremonirom har òg gjort det vanskeleg å gjennomføre gravferd for nokon. 

Slutta opp om dugnaden 

Senaid Kobilica er sjefimam for Det Islamske Fellesskap Bosnia og Hercegovina og leiar av muslimsk dialognettverk. – Muslimar i Noreg er inga einsarta gruppe, men i dette stod dei heilt samla, fortalde Kobilica. – Dei var glade for å kunne bidra i den nasjonale dugnaden saman med alle andre borgarar.

Senaid Kobilica fortalde om stor vilje til å ta del i koronadugnaden. Foto: Det Islamske Fellesskap Bosnia og Hercegovina

Dei største moskeane oppfordra til stenging alt 11. mars, og snart følgde dei små etter. Det vart lagt stor vekt på å forklare kvifor det var viktig å følgje råda frå helsestyresmaktene, og både videoar og skriv på ulike språk og for ulike generasjonar kom til. 

Det vart ein annleis ramadan, kunne imamen fortelje. Men å tilbe Gud, ha fokus på familie og sjølvrefleksjon står sentralt i ramadan, og med heimekontor og familien rundt seg låg det kanskje ekstra godt til rette for akkurat det denne gongen. Feiringa av id vart òg heilt annleis, men ung kreativitet gav nye moglegheiter. Med "drive in id-feiring" på Tryvann og program på NRK vart id 2020 historisk. 

– Eg trur ikkje det er noko anna land i verda der heile regjeringa og alle regjeringspartia har sendt ramadanhelsing, sa Kobilica. – Det er veldig inkluderande og vart høgt verdsett. – Gode kontaktar mellom oss i nettverket, andre religiøse leiarar og også politikarar er ein enorm fordel vi har Noreg. Dialogen på tvers er utruleg verdifull.

Ein annleis vesak

Vesak er den viktigaste høgtidsdagen i den buddhistiske kalenderen. Da samlast buddhistar i templa for å minnast Buddhas fødsel, oppvakning og bortgang. Under ei vanleg feiring ville det vore program i templa heile dagen, med seremoniar, meditasjon og diskusjon. 

Bhante Manirathana er hovudmunk ved Oslo Buddhist Vihara på Kolbotn. Han fortalde om ei annleis feiring i år. 

– Det var vanskeleg i byrjinga, men så kom ideane om å ta i bruk sosiale medium og skape ei online feiring. Det vart etablert ei eiga side på nettet for alle buddhistar i landet. Her vart bidrag frå mange ulike buddhistiske retningar samla. Dei delte ulike tradisjonar knytte til feiringa og gjorde det mogleg å delta i meditasjon og samtalar. 

Takka for innsatsen

Kronprins Haakon runda av samtalen med å takke:

– Takk til STL for at de er flinke til å jobbe for å vareta mangfaldet i Noreg.

– Takk til medlemmer i STL for at de har vore med på dugnaden i denne perioden. Eg trur at i krisetider er det ofte at rettane til minoritetar kan bli sårbare. Det er det viktig at vi er oppmerksame på og arbeider proaktivt med, og det har de gjort i denne perioden. Det er viktig for limet i samfunnet vårt.

Eg håpar de kan helse til alle medlemmene dykkar og seie takk for innsatsen i denne perioden.

Guoskevaš leaŋkkat

Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:

Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala Facebookas