Njuike váldosisdollui

Kronprinsen takka alle reinhaldarar

– De har ein samfunnskritisk funksjon. Takk for den viktige jobben de og alle reinhaldarar gjer i Noreg, sa Den Høgvørde Kronprinsen da han vart orientert om arbeidskvardagen til tre reinhaldarar under koronapandemien.

31.03.2020

Møtet gjekk føre seg på video. Kronprinsen sat på Skaugum, mens Naemy Trandum Aasen sat i Kongsberg, Felicia McGill Chepas i Trondheim og Angus McGunnigle i Oslo.

Nye rutinar og kursing i smittevern

Dei tre reinhaldarane må vere på jobb for å sørgje for at det er reint og smittefritt der folk skal opphalde seg. På grunn av reinhaldarane kan sjukehus halde ope.

– Jobben de gjer på sjukehus, i matbutikkar og rundt omkring i samfunnet er utruleg viktig – kvar dag, men særleg no med virusutbrotet vi har i Noreg og i heile verda. De og alle andre reinhaldarar gjer no ein jobb som betyr at vi kan ha betre kontroll på denne situasjonen enn vi elles ville hatt, sa Kronprinsen og takka dei for det viktige arbeidet.

Naemy Trandum Aasen fortel om den nye arbeidskvardagen i videomøte med Kronprinsen. Foto: Ove Ronny Haraldsen, Kongsberg Gruppen

Kronprinsen spurde reinhaldarane om korleis koronasituasjonen påverkar arbeidet dei gjer.

I løpet av den siste tida har alle tre fått kurs i smittevern. Angus McGunnigle jobbar til dagleg med golv- og vindaugsvask og er tillitsvald i AB Solutions. Etter koronautbrotet har han vorte trena opp i smittevask – desinfisering, blant anna med spesialoppdrag på Ullevål.

Naemy Trandum Aasen jobbar for tida på Kongsberg Næringspark og representerer ein av dei mange som har meldt seg frivillig til å jobbe med smittevask. Også Felicia McGill Chepas kunne fortelje om korleis ho no jobbar grundig for å førebyggje smitte på jobb for ISS i Trondheim.

På lista over samfunnskritiske funksjonar

Reinhaldarane er komne på lista over samfunnskritiske funksjonar. Dette gjeld reinhaldarar som jobbar i verksemder med samfunnskritisk funksjon.

På spørsmålet om kva som er den viktigaste eigenskapen hos ein reinhaldar, fekk Kronprinsen til svar: «Å vere grundig.»

Angus McGunnigle var med på videomøte med Kronprinsen i fullt smittevernutstyr. Foto: Stina Bergsten, Norsk Arbeidsmandsforbund

På slutten av møtet orienterte Trine Wiig Hagen i Norsk Arbeidsmandsforbund om arbeidet som blir gjort med opplæring og kursing av medlemmene. Norsk Arbeidsmandsforbund er fagforeininga som organiserer flest reinhaldarar i privat sektor i Noreg. Ho kunne fortelje at mange medlemmer er bekymra for permitteringar og arbeidsløyse i desse tidene.

Norsk Arbeidsmandsforbund vart oppretta for 125 år sidan og er ei av dei eldste fagforeiningane i Noreg.

 

 

Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:

Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala Facebookas