Njuike váldosisdollui

Festspelutstillinga opna i dag

Mari Slaattelid er årets festspelutstillar. Hennar Majestet Dronninga var til stades da utstillinga "Kystverket" opna i Bergen Kunsthall i dag.

23.05.2019

Det er eit tradisjonsrikt og prestisjefylt oppdrag å bli vald ut som festspelutstillar. Kvart år heilt tilbake til 1953 har ein norsk kunstnar fått høve til å vise fram arbeida sine på denne måten under Festspela i Bergen. 

Nye arbeid

Utstillinga "Kystverket" består av nesten berre nye arbeid, produserte spesielt for utstillinga.

Tittelen speglar det berande motivet i mange av dei nye måleria: eit kystlandskap med ei lanterne / eit sjømerke, og – i silhuett mot himmelen – ein operatør som justerer lyssignalet. Kanskje er dette ein stadspesifikk respons på utstillingsoppdraget i kystbyen Bergen.  

Dronning Sonja fekk ei omvising i utstillinga i dag, i følgje med kunstnaren sjølv, styreleiar Espen Galtung Døsvik og direktør Axel Wieder frå Bergen Kunsthall. Det er Axel Wieder som har kuratert utstillinga saman med Steinar Sekkingstad.

Kjelde: Festspela i Bergen / Bergen Kunsthall

 

Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:

Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala Facebookas