Njuike váldosisdollui

Byggjedagar i Oslo

Korleis skal framtidas Noreg byggjast? Den Høgvørde Kronprinsen var til stades da «Byggedagene» opna i dag tidleg.

03.04.2019

Da Byggedagene vart arrangert for første gong i år 2000, var Hans Majestet Kongen til stades. I dag kom Kronprins Haakon til 20-årsjubileet, som hadde smart arbeidsliv som tema.

Korleis kan bransjen møte framtida på best mogleg vis? 

Eit stort ansvar

– Vi har eit enormt ansvar, peika Jon Sandnes i Byggenæringens landsforening på da han heldt opningsinnlegget i dag. Han fortalde om ein bransje med stort fotavtrykk: Han bruker 40 % av ressursane, står for 40 % av alt energibruk og produserer 40 % av alt avfall. Her har bransjen eit stort ansvar overfor miljøet og dei unge, sa Sandnes. Bransjen må gjere sin del, men han ønskte òg framoverlente kundar som stilte krav om miljøperspektiv i prosjekta. 

Sandnes oppmoda bransjen til å ta ny teknologi i bruk for å redusere både kostnader og tidsbruk – og om å rekruttere fleire hovud og hender: jobbe inn mot skulane og få inn fleire kvinner på alle nivå.

Kronprins Haakon på opninga av Byggedagene 2019. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Konsernsjefen i Aker ASA, Øyvind Eriksen, la vekt på at godt samspel mellom medarbeidarar og leiing er viktig for at framtidas utfordringar skal løysast på ein god og berekraftig måte. NHO-direktør Ole Erik Almlid fokuserte på tillit. Tillit er viktig. Det sparer tid, og det sparer krefter. Saman med LO-sjef Hans-Christian Gabrielsen gav han eit innblikk i korleis dei to hovudaktørane i norsk næringsliv ser på framtidas arbeidsliv.

Høg aktivitet

Byggjeindustrien er inne i tidenes satsing på infrastruktur. På nokre år skal det investerast rundt 1000 milliardar kroner i vegar, jernbane, flyplassar og hamneanlegg. Samtidig pågår det eit enormt arbeid med å byggje ut og ruste opp sjukehus, skular, omsorgsbustader og andre offentlege bygg, seier sjefredaktør Arve Brekkhus i Byggeindustrien. I tillegg er det høg aktivitet innan både næringsbygg og bustader. 

– I dag jobbar det rundt 240 000 personar i byggjenæringa, fortel Brekkhus. Det er ikkje nok – vi treng fleire fagarbeidarar og ingeniørar om vi skal klare å møte krava samfunnet rundt oss set til kva byggjenæringa skal levere. 

Leo Ajkic var konferansier i dag og sørgde for at det vart ein god del latter i tillegg til fagleg påfyll.

 

Guoskevaš leaŋkkat

Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:

Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala Facebookas