Hopp til hovedinnhold

Dronninga til Fjærland

Hennar Majestet Dronninga, vil vera til stade ved markeringa av 30-årsjubileet til Norsk Bremuseum i Fjærland, søndag 22. mai 2022, klokka 16.00.

Pressemelding frå Norsk Bremuseum:

Vi er svært takksame for at H.M. Dronning Sonja har takka ja til å delta på feiringa, og vonar at også mange andre vil ta turen til Fjærland og Bremuseet denne dagen.

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten er ei privat stifting oppretta av Norsk Polarinstitutt, NVE, UiO, UiB, Høgskulen på Vestlandet, DNT og International Glaciological Society. Museet er eit offentleg godkjend besøkssenter for Jostedalsbreen nasjonalpark. Bremuseet syner samspelet i naturen og mellom natur og menneske – gjennom avansert filmteknikk, interaktive modellar og dine eigne eksperiment med ekte bre-is. Med vårt særlege fokus på klima, er Bremuseet meir aktuelt en nokon gong.

Bremuseet har hatt kontinuerlege fokus på formidling og fornying, og i 2020 fekk vi til opninga klar ein ny panoramafilm. Dette er ei storsatsing i verdsklasse til nesten 11 millionar kroner, og syner fram nasjonalparken og breane på ein spektakulær måte. Filmen er produsert av Falkeblikk AS i Sogndal, og filmutstyret vart spesialdesigna for oppdraget. Norsk Bremuseum kan by på Europas største saumlause panoramalerret – 21 meter langt og 4,2 meter høgt. Tilbakemeldingane er overveldande positive, og mange vert rørt til tårer av filmen.

Det var 31. mai 1991 H.M. Dronninga, som òg er æresmedlem ved Norsk Bremuseum, stod for den offisielle opninga av museet. I dei 30 åra som har gått sidan opninga, kan senteret seiast å være ein av Noregs største museumssuksessar, og nærare 2 millionar gjester har vitja museet.

Covid-situasjonen har dessverre sett ein stoppar for større arrangement i to år. Men no er endeleg tida inne for Bremuseet til å markere 30-års-jubileum og visning av ny panoramafilm i Fjærland 22. mai. Meir detaljert program vert publisert nærare arrangementsdatoen.

Akkreditering

Presse som ønskjer å dekke besøket til Dronninga, må søke om akkreditering elektronisk til Statsforvaltaren i Vestland ved Edvard Høgestøl på e-post: fmhfmhoeho@statsforvaltaren.no innan 16.05.2022 klokka 15.00.

Kontaktperson Norsk Bremuseum: Direktør Anne Mundal Skjelten, mobil +47 45 50 77 18, e-post anne@bre.museum.no.

 

14.03.2022

Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:

Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala Facebookas